I Vegvesenet er vi glade i Sylfest Lomheim, tidligere språkdirektør, nå professor ved Universitetet i Agder. Denne måneden har han beæret oss med en kronikk i etatsavisen vår, Vegen og vi. Hele kronikken leser du på side 12, et utdrag følger her på bloggen vår:
Fjorden og vegen
Overskrifta inneheld dei to mest sentrale orda for norsk samferdsel.
Ordet veg er like gamalt som fjord. Og det artigaste av alt – fjord og veg tyder bortimot det same! For veg er i slekt med eit verb alle kjenner, nemleg ’bevega’ (på tysk: bewegen).
Bevega er å vera i rørsle, setja noko i gang, flytta seg. Vegen er der me flytter oss, er i rørsle. Enda ein artig detalj: vogn høyrer til den same ordfamilien. Ei vogn ’bevegar’ seg. Historia set sanneleg meininga til ord i oppklarande lys. Difor er og vegen ein utveg (!), altså ei løysing. Du kjem dit du ønskjer a koma. Tenk på utviklinga av ordet på engelsk, der snakkar dei om å finna ’a way’. Viss dei derimot inga løysing finn, er det ’no way’. Og ’always’ var opphavleg ’alle vegar’. Dersom noko finst ’alle stader’, så er det der alltid.
Difor har Statens vegvesen grunn til a vera nøgd med nøkkelordet sitt. Me kan vel seia at eit slikt ord forpliktar. Vegvesenet skal ikkje berre syta for at ferdsla skjer trygt; dei skal sørgja for at omtalen av vegane og informasjonen om drifta skjer i eit mønstergyldig norsk. Til det har dei fagspråk som er like utvikla som fagspråket til atomfysikarane. Det er berre det at i Vegvesenet held dei seg for det meste til norsk ordmateriale når dei lagar sine fagord. Riksvegar, fylkesvegar, hovudvegar, grendavegar – blindvegar.
Språkkollega Jan Olav Fretland ramsa ein gong opp ei mengd fagord: siktsone, fullkanalisert kryss, frisikt, kryssikt, stoppsikt, sikttrekant, sandfang, køyresterk rist, kilometringstolpar. Det er ikkje meininga at alle reisande skal kunna slike ord – langt mindre forklara dei. Desse orda er for fagfolk. Men det fine er at Vegvesenet har ein kultur for å bruka norske ord som tilfang når dei utviklar fagord (terminologi). At dei ikkje lykkast i absolutt alt, må ein ta med sindig ro.
For språkleg sett ligg Vegvesenet trygt plassert i den betre halvparten av alle våre statlege organ. Det er to forklaringar på det: for det første har Vegvesenet gjort skikkeleg jobb med å utarbeida Retningslinjer for klart og tydeleg språk i Statens vegvesen. Framifrå! For det andre innser etaten at haldning og handling er mykje det same – ikkje berre i bokstavane, men og i røynda. Vegdirektøren har sjølv sagt frå om at kvaliteten i etaten heng saman med kvaliteten på språket i etaten.
Statens vegvesen søkte den 14. januar i år etter nyutdanna innafor teknologi og planlegging. Ei mønstergyldig annonse –utforminga var tiltalande og oversiktleg, teksta var klar og utan rettskrivingsfeil. Berre ein detalj set eg fingeren på: først stod det at Vegvesenet arbeider for å få alle reisande ’trygt fram’. Så stod det lenger nede at dei nyutdanna kunne få bli med ’og forme fremtiden’. Både ’fram’ og ’fremtiden’ er heilt korrekt, men ein observant lesar vil likevel stussa over vinglinga. ’Fram’ og ’framtiden’ (eller ’framtida’) høyrer i hop, ’frem’ og ’fremtiden’ høyrer i hop. Mitt råd her er å velja ’framtiden’ eller ’framtida’. Ikkje minst fordi det nettopp er snakk om å rekruttera for framtida …
Amerikanarane har eit godt uttrykk å ta med på vegen: «Less is more.» Lukke til!
Av: Sylfest Lomheim